top of page
treverk

Hǫðr Hjørungavåg Vikingsete

Formidle vikinghistorie, vikingkultur og vår nasjonale vikingarv.

facebook_1739904383277_7297687914396295480.jpg

Kongstanken!
Målet med stiftinga Hǫðr Hjørungavåg Vikingsete er å formidle historia, kulturen og bygda gjennom å byggje eit langhus

etter gamal tradisjon, på sikt utvide med fleire bygningar , naust og båtar på Leira sentralt i bygda. Slik kan ein kan nyte vakker natur, lære og oppleve vikinghistorie og vikingkultur.

I Hjørungavåg for 1039 år sidan samla Håkon Ladejarl for fyrste gong ein leidang for å forsvare Noreg frå Jomsvikingvald. Berre 3 slag er skildra frå time til time av Snorre Sturlason. Slaga ved Hjørungavåg, Hafrsfjord og Stiklestad er såleis unike i Norsk vikinghistorie.
 

Hǫðr Hjørungavåg vikingsete er oppretta for å føre vidare arv og historie etter slaget, for å ære våre forfedre og for å lære komande generasjonar og tilreisande om vikingane som budde i dette området for over tusen år sidan. Hǫðr Hjørungavåg Vikingsete skal vere gratis og opent for alle, det skal ikkje leggjast til rette for næringsverksemd utanom utleige og visning til inntekt for laget.  
 

Huset og området kan huse kulturmøte,  konsertar og ulike arrangement og skal driftast og utviklast av styret som vert valt på årsmøtet i stiftinga Hòdr Hjørungavåg Vikingsete.

IDENTITET OG LOKAL FORANKRING

Bygda Hjørungavåg ligg i Hareid kommune på Sunnmøre, har knappe 1000 innbyggarar og ligg vakkert til mellom Vartdalsfjorden og innseglinga til Storfjorden mot Tafjordfjella og Geiranger. Bygda byr på spektakulær natur med fantastiske Overåsanden, vidare inn vågen som er smal og smul og endar i Leira og 1000-årstaden der langhuset vert bygd.

 

Bygda og kommunen er rik på naturopplevingar med fiskevatn, høge fjell og opparbeida mange mil med turvegar. Hjørungavåg har alltid hatt godt samhald, stor dugnadsånd og er ei bygd med stor aktivitet. Bygda har ei rik kulturhistorie tilbake til vikingtida og det er funne fornminne, bauta og ulike reiskapar, sist hausten 2024.

 

Vår viktige vikinghistorie høyrer til alle og for Hǫðr Hjørungavåg Vikingsete er det viktig at kultur, historie og identitetsbygging blir forstått som ei samlande og skapande kraft til å skape gode liv og bulyst for innbyggarar i regionen samt gode opplevingar for besøkjande

IMG_2357_edited.jpg
2022-03-21 10.24.26.jpg

Over 16 000 dugnadstimar har det tatt å sette opp vært spektakulære langhus som er bygd etter gamle tradisjonar og lite nymoderne reiskap. 26 meter langt og 9 meter breitt. 250 furutrè lokalt hogd, forma og tørka. Naturlege røter formar knektar, naglar nytta i samanføying, mose og tjære ligg mellom lafting, 14 800 takfliser er dyppa i 70 grader tjære og tørka.

Huset ber preg av at ein har nytta mest mogleg tidsrett handverkty i bygginga. Sjølv grunnmuren er sett ned for hand med natursteinar funne ulike stader i bygde. Huset er eit monument. I tilknyting til huset er det sett opp sanitærbygg og gapahuk til undervisning. 

 

Det er vårt nasjonale ansvar å ta i vare historie, kultur og identitet!


Vi er Hǫðr Hjørungavåg Vikingsete!

Dugnad og bygging

Området Leira vart ikkje vidareutvikla etter jubileet i 1986, og i 2018 kom nokre lokale eldsjeler saman og starta forme ein plan for området. Slik vart Hǫðr Hjørungavåg Vikingsete etablert.

 

Namnet Hǫðr kjem frå det gamle norrøne namnet på Hareidlandet som var Hòd. Hǫðr betyr krigar- og var den blinde broren til Balder i norrøn mytologi. Namnet har som mål å knyte identitet og historie til alle som bur i kommunen, på øya og i heile regionen.

2022-03-05 13.46.49.jpg

Slaget ved Hjørungavåg var eitt av dei avgjerande slaga i norgeshistoria. Ved gravølet etter Harald Blåtann i Danmark kappast jomsvikingar og danar om bragelovnadar. Vagn Åkeson, Bue Digre og Sigvalde Jarl var del av gravølet og var frykta vikingar på denne tida. Sigvalde lova å drepe Håkon Ladejarl eller jage han ut av landet. Dette avdi Håkon hadde vanæra Harald Blåtann og ikkje innordnar seg makta i Danmark.

 

Våren 986 sette jomsvikingane kursen oppetter langs norskekysten, rana og drap på sin veg mot Håkon Jarl. Ein lendmann frå Jæren greidde overleve plyndring og drap og fekk varsle Håkon om hæren som var på veg. For fyrste gong i historia vert det samla ein «leidang» til forsvar av landet.

 

Dei to hærane møttes i Hjørungavåg. Fyrst hadde jomsvikingane framgong, men etter at jarlen ofta sin 7 år gamle son Erling til Torgjerd Holgabrud (mytisk kvinneleg vesen) snudde krigslukka. Ei haglskur kom innover vågen og Eirik Jarl fekk rydda mange skip. Jomsvikingane vart drepne, drivne på flukt eller tatt til fange. Bue Digre tok to kister med gull og hoppa over bord og ned i djupet. 30 fangar vart sett på avrettarstokken av Håkon Ladejarl og mange laut late livet. Håkon sin son Eirik Jarl greip inn i avrettinga og gav grid til mange av dei.

 

I Snorre sin saga er Hjørungavågslaget avgjerande for at danskekongen trakk seg tilbake frå Noreg. Norsk sjølvstende var sikra

Slaget ved Hjørungavåg

facebook_1739904405858_7297688009110456900_edited.jpg

Hodr Hjørungavåg Vikingsete er ei demokratisk tufta foreining med årsmøtet som høgste mynde.

 

Dersom du vil ha kontakt med styret så skriv ei melding til hodr.vikingsete@gmail.com

Slik kjem du deg til Hjørungavåg

Sted
Avstand
Tid
Link til veibeskrivelse
Ålesund Sentrum
30 Km
ca 1t
https://maps.app.goo.gl/vKz5aCzWRocE8whx6
Vigra lufthavn
52 Km
ca 1t 15min
https://maps.app.goo.gl/5LSzK2qfoxL1kqq37
Volda sentrum
45 Km
ca 42min
https://maps.app.goo.gl/BeMVUPuiuCGjk442A
Hovden lufthavn
43Km
ca 40min
https://maps.app.goo.gl/EYBsCsjFrjKKpS8e8
bottom of page