top of page

Området er opent for alle heile tida, men langhuset har berre opent laurdagar og søndagar kl 1200-1700 frå 1. juni til 31. august. Då har vi folk der som kan formidle om slaget og om bygginga. Utover dette må de kontakte oss på facebook, eller skrive ein e-post til hodr.vikingsete@gmail.com

 

Hǫðr Hjørungavåg Vikingsete vart offisielt opna 31. mai 2025 av fungerande leiar for Familie og kulturkomiteen på stortinget. Noko skiftande vær, men på sjølve opningsdagen var det fantastisk med sol og tusenvis av besøkjande. 

 

I fire dagar til ende var det fest på Leira i Hjørungavåg.

Mange tilreisande vikingar, marknad, mat og mange aktivitetar. Vikingquizz, konsertar, aktivitetar for born, matsal, festmiddagar kvar dag i vikinghuset var noko av aktivitetane.

Styret vil gjerne takke alle som deltok på dei fantastiske opningsdagane.  Takk og heider til dugnadskarane. Takk til frivillige, til sponsorar, kommunen og alle gode hender. 

Styret i Hoðr ynskjer alle velkomne til Leira i Hjørungavåg.

Hǫðr  vikebladet (246 x 365 мм).png
Hǫðr FB post (1080 x 1350 )-7.jpg
499762296_1030306519213972_6625393318911232537_n.jpg
504772378_1030342782543679_1781019355640287279_n.jpg
499754235_1030306399213984_3208996041798297509_n.jpg
bottom of page